Hopp til hovedinnhold

Pårørendealliansen

Juletanker

Kjære pårørendeallianse,

"— Eg har lyst å skrive litt til dere.

Eg har deltatt i undersøkelsen dykkar. Har svart på mange gode relevante spørsmål og lest mange gode relevante artikler. Takk for at dere finns. Gir oss ein stemme og ein følelse av å bli hørt. På heimesiden finns fleire historier frå kvardagen som pårørende og eg har lyst og dele en liten erfaring med dere. Et lite hjertesukk i desse førjulstider. Ser at det er en del fokus på at barn ikkje skal oppleve rusa foreldre – men det er så mykje anna barn ikkje treng oppleve.

Eg er mamma til ein jente på tre og et halvt år og gift med ein pleietrengende mann med alvorleg grad av ME. Mannen min har vore husbunden siden dottara vår var sju månader. Jenta vår begynte i barnehage da hun var 15 månader og vi har det siste et og et halvt året hatt besøksfamilie til dottara vår slik at hun skal få ha litt pause frå heimesituasjonen. Men…

Nå er det snart jul. Barnehagen tek ferie nokre få dager – og ber foreldre gje beskjed om vi treng at vårt barn er i barnehage dei tre dager barnehagen kan være ope i romjula. Vi er den einaste familie som treng dette. Eg blir lei meg og frustrert. Vi vil jo sende ho i barnehage for å leike med andre barn, få pause frå «aleine heime med sjuk pappa og sliten mamma» og ikkje for at to andre voksne skal passe ho seks sju timar.

Denne problemstilling gjentar seg ved alle korte ferier og om sommaren stenger barnehagen fire veker – og vi blir overlatt til oss sjøl. Ofte har besøksfamilien også ferie frå jobben sin og heimesjukepleien bemannes med uvitende vikarer. Ferier er lange og tøffe. Eg gruer meg til juleveka. Akkurat som eg gruer meg til påske og sommar.

Er det bra for jenta vår? Er det bra for ho å oppleve situasjoner som

"— Mamma kva skal vi i ferien? — vi skal være heime jenta mi.




— Kven skal vi ha besøk av? — Ingen…. kansje vi kan besøke besta nokre timar…




— Kven skal vi feire jul i lag med? — Ikkje noken andre end oss sjøl – pappa tåler ikkje besøk…

Hun er stor nok til å skjønne at dette er annerleis end venninnene sine familier og stor nok til bli veldig lei seg.

Hun kommer ikkje til å oppleve rus i jula. Men hun kommer nok til å oppleve mamma sine tårer og trøtthet. Hun kommer til å oppleve at vi må gå ut nokre timar kvar dag så pappa skal få pause – uanset vêr. Det tek ho vel ikkje skade av…

Eg har seriøst overveid å avertere etter ekstra onkler og tanter og besteforeldre som kan ta seg av henne og meg på frivillig basis. Folk som ikkje har dette som jobb. Som har lyst og energi til å være litt i lag med oss i feriene. Noken som sjøl har barn eller folk som ikkje har barn – det betyr lite – bare dei har energi og tid – så vi kan glede oss til jul.

"Ein lunsj, ein tur, eit kort besøk… Det er ikkje mykje som skal til for å gjere den store forskjell.

Vennligst bruk gjerne mine tankar i møte med andre pårørende. Kansje noken har opplevd liknande eller klart å gjere noe med problemet.

"— Eg trur ikkje vi er aleine.

Helsing

Nyhetsbrev

Abonner på vårt nyhetsbrev og få de viktigste nyhetene og oppdateringene i din innboks

Følg oss i sosiale medier!